Regjeringa stel igjen frå dei fattige
Regjeringa seier at dei vil fjerne kr. 35.000,- for å betale kurs og kompetanseutvikling som gjer at desse kan utføre forskjellige arbeidsoppgåver. Dette er det verste tullet eg nokon gong har høyrt frp regjeringa vår, har dei undersøkt kven dei unge uføre er og kva som er årsaka til at dei vart uføre? Eg tviler sterkt på at dei i det heile har tenkt over dette, og det at pengane skal brukast til kompetanseutvikling er jo det reinaste vrøvl og vås. Skal ein gje desse ei mulighet til å få noko form for kompetanse slik at dei kan arbeide litt så får ein ta pengane frå ein anna plass og ikkje frå dei uføre. Denne gruppa har ikkje meir enn dei knapt treng då dei aldri har fått mulighet til å opparbeide seg rettigheter og pensjonspoeng.Ein anna ting er at mange av dei unge uføre har ingen mulighet til å kunne komme i arbeid p.g.a deira handikap. Mange er fullstendig pleietrengande og treng døgnkontinuerlig bistand frå hjelpeapparatet. Ei slik hjelp koster kommunen ein del, men den funksjonshemma betaler store eigenandeler for å få hjelp til daglege aktiviteter som å stå opp og ete m.m. Noko anna er og at svært mange av denne gruppa bur i kommunale omsorgsboliger med svært høg husleige i tillegg til høge strømutgifter m.m. Er det verkeleg meininga at dei unge uføre må få hjelp via sosialen for å kunne overleve no p.g.a eit fullstendig villt forslag frå regjeringa.
Ei stor del av denne gruppa er utviklingshemma i svært varierande grad, og mange kan gjere enkle arbeidsoppgåver under tilrettelagde forhold, men dei vil aldri kunne bli produktive på lik linje som "funksjonsfriske" personer.
Så har vi den gruppa som er i stand til å arbeide, dei har teke utdanning og slitt seg gjennom mange års skulegang, men dessverre til ingen nytte. Dei fleste arbeidsgjevarane har vanskeleg for å tilsette funksjonshemma personer, ettersom dei er redde for at desse vil forårsake at sjukefråværet stig. No viser det seg at dei funksjonshemma er mindre vekke frå jobb p.g.a sjukdom enn andre arbeidere, noko som snart burde ført til at arbeidsgjevarane fekk opp augene og tilsette fleire av desse.
Men å straffe ei stor gruppe med funksjonshemma ungdom for å finansiere eit nytt tiltak, som sansynlegvis ikkje vil medføre noko auka arbeidsteltaking frå dei unge funksjonshemma, er fullstendig uetisk og grusomt. Kvifor skal ein straffe alle desse, når ein har penger på bok som kan finansiere denne angivelege kompetansehevinga.Regjeringa burde skamme seg og begynne å høyre på FFO for dette er eit stort og alvorleg overgrep frå staten si side og det må ikkje få mulighet til å skje.

Barns beste
Lesernes kommentarer
Kenneth Wulff
22. november 2010 - 9:31
Samtidig som det finnes,
Vet om noen av den kategorien også.
Harald Hansen
22. november 2010 - 21:48
Eit "gode" dei ikkje har krav på?
Job
22. november 2010 - 9:32
Regjeringen
Job
22. november 2010 - 9:36
Man kan jo spørre seg
Jorunn Haugland Saroea
22. november 2010 - 15:34
Uforutsigbare levekår for de svakeste.