Avtala om framtidige pensjonar frå 2011 er ugyldig.

Dei politiske partia har vorte samde om radikale endringar for å få sett ned utbetalinga av pensjonar i åra framover.

Desse endringane er ikkje juridisk gyldige, fordi dei bryt med avtalene om pensjon som kvar arbeidstakar og Staten er bundne av frå arbeidslivet. Det kjem kanskje tydelegast fram for statspensjonistane der Staten var arbeidsgjevar. Der var det pliktig medlemskap i Statens pensjonskasse der alle måtte betala 10% av inntekta i pensjonsavgift i alle år. Pensjonen skulle vera 66% av lønna ved avgang og skulle følgje lønnsindeksen seinare. Det er ei juridisk avtale som Staten har plikt til å halde.

Stortinget kan innføre nye reglar.

Sjølvsagt kan Stortinget innføre nye reglar for opptening og utbetaling av pensjon, men desse reglane kan aldri få tilbakeverkande kraft for folk som allereie er pensjonistar. Stortinget kan vedta og innføre nye reglar og høgare trygdeavgift for nye yrkesaktive med overgangsreglar for dei som alt er i arbeid. Vedtaka i Stortinget om framtidige endringar i pensjonane frå 2011 er i strid med Grunnlova der dei får tilbakeverkande kraft for tidlegare avtaler mellom Staten og kvar arbeidstakar/pensjonist.

 Pensjonistane har rett til å få pensjonen sin.

Saka er at pensjonistane har rett til å få pensjonen sin, fordi dei gjennom eit langt yrkesliv har betalt inn pensjonsavgift saman med arbeidsgjevaren sin. Underreguleringa av pensjonane i mange år førte til reduserte pensjonar - i strid med pensjonsavtala. Utrekningar viser at det er nok pengar til pensjonar på over 600.000 kr per år, dvs. dobbel pensjon, dersom alle innbetalingar til Statens pensjonskasse frå lønstakarar og arbeidsgjevarar hadde gått til pensjonsutbetalingar og ikkje til andre formål. Det viser at det er rikeleg med pengar i systemet til å betala fulle pensjonar til alle som har betalt pensjonsavgift.

Pensjonen er tent opp av pensjonistane. Når politikarar i våre dagar talar og skriv – også i stortingspapir – at det er dei yrkesaktive i dag som må betala pensjonane, så er det ikkje berre direkte feil, men det er ei grov fornærming mot pensjonistane. Prøver politikarane å innbille pensjonistane at dei ikkje har betalt for pensjonane sine gjennom eit langt arbeidsliv? Pensjonsutbetalingane må ned, seier dei, for medan det var 4-5 yrkesaktive for kvar pensjonist i 1960-åra, kan det bli så lite som 2 yrkesaktive for kvar pensjonist om nokre få år.

Det er pensjonistane som eig kapitalen både i Statens pensjonskasse og Folketrygdfondet. Politikarane og samfunnet administrerer pensjonane, men det er ingen kostnad for samfunnet å betala ut pensjonane. Pensjonistane skal få utbetalt avtalt pensjon frå sitt eige pensjonsfond, frå pengar som dei sjølve har betalt inn. Det er ikkje pensjonistane sin feil at pensjonsfonda vart avvikla, og at Staten lånte desse pengane og brukte dei til sine investeringar. I dag kan feilen rettast opp att ved at nødvendige summar blir ført attende frå Oljefondet.

Pensjonistane må betala folketrygd.

Det andre store overgrepet kom i 1990-åra då pensjonistane først måtte betala 1,8% og deretter 3% i folketrygd til eit Folketrygdfond som alt i 1980-åra var ”for stort” slik at Stortinget avvikla det. Dermed får ikkje pensjonistane meir enn 63% i pensjon og ikkje 66%. Det er ikkje noka meining i at pensjonistane skal betala trygdeavgift til eit Folketrygdfond som er ”for stort”, og som byggjer opp fondet for framtidige pensjonar til dei som er yrkesaktive i dag.

Redusert minstefrådrag for pensjonsinntekt.

Kristin Halvorsen (SV) stod for det tredje store overgrepet i 2005 då minstefrådraget vart redusert med 10.000 kr frå og med 2006. Det gav 2800 kr eller meir i skatt. I 2009 vart minstefrådraget redusert med 11.450 kr, som gav 3206 kr eller meir i skatt. Dermed er pensjonen redusert til litt over 61%.

Skattereglane i 2009 var slik at ein lønnstakar får 36% i minstefrådrag, medan pensjonisten får berre 26% frådrag. Legg merke til desse tala: Lønnstakaren må ha 195416 kr i inntekt for å få fullt minstefrådrag på 70350 kr. Pensjonisten må ha 226539 kr i pensjon for å få fullt minstefrådrag på 58900 kr.

Nokre eksempel:

Lønn             M.frådrag     Sk.pl.inntekt    Skatt        Meit i skatt  I prosent

230000 kr       70350 kr       159650 kr       44702 kr             0 kr

195416 kr       70350 kr       125066 kr       35018 kr             0 kr

150000 kr       54000 kr         96000 kr       26880 kr             0 kr

Pensjon

230000 kr       58900 kr       171100 kr       47908 kr       3206 kr        7,17%

195416 kr       50808 kr       144608 kr       40490 kr       5472 kr      15,63%

150000 kr       39000 kr       111000 kr       31080 kr       4200 kr      15,63%

 

Skatt etter særfrådraget for alder på 19368 kr:

195416 kr        50808 kr       125240 kr       35067 kr            49 kr       0,14%

      

For to ektefellar med særfrådrag på 9684 kr kvar:

195416 kr       50808 kr       134924 kr       37779 kr       2761 kr        7,88%

195416 kr       50808          134924 kr       37779 kr        2761 kr        7,88%

Sum for to ektefellar                                                            5522 kr        7,88%

 

Forklaring til tabellen: For ei lønn på 195.416 kr blir minstefrådraget 70350 kr og skattepliktig inntekt 125066 kr med ein skatt på 35018 kr. Pensjonisten med same inntekt får eit minstefrådrag på 50808 kr, og skattepliktig inntekt på 144608 kr med ein skatt på 40490 kr, dvs. ei skatteskjerping på 5472 kr eller 15,63% i forhold til den yrkesaktive.

Også med fullt særfrådrag for alder på 19368 kr blir skatten 49 kr høgare for ein pensjonist enn for ein yrkesaktiv med same skattepliktige inntekt. For ein ektefelle med halvt særfrådrag for alder på 9684 kr blir skatten 2761 kr høgare enn for ein yrkesaktiv med same skattepliktige inntekt. Eit ektefellepar der båe har 195416 kr i skattepliktig inntekt med fullt særfrådrag for alder får 5522 kr meir i skatt enn eit tilsvarande yrkesaktivt par med same skattepliktige inntekter. Desse tala stemmer dårleg med det finansminister Kristin Halvorsen skriv i Varden 25.05.07: ”Skatten for enslige med pensjonsinntekt mellom 100000 og 400000 kroner med 2006-regler er mellom 12000 og 22000 kroner lavere enn skatten på tilsvarende lønnsinntekter”. Det er ikkje alle politikarar som er like nøye med fakta når dei skal informere folk.

SV har innført ei skatteskjerping for ein pensjonist med 195416 kr i inntekt på 5472 kr – 3206 kr = 2266 kr større enn den skatteskjerpinga ein pensjonist som har over 226600 kr i inntekt får. Fleire brev og purringar til Finansdepartementet har ikkje hjelpt til å rette opp denne inkonsekvensen. Finansdepartementet seier tvert imot at når dei tek omsyn til både skatt og trygd, så kjem pensjonisten ofte likare ut enn den yrkesaktive! Det er eit svar i kategorien Goddag mann! Økseskaft! Det som pensjonisten ikkje betaler i trygd til eit ”for stort” Folketrygdfond skal han ver så god få betala i skatt!

Pensjonistane må betala for større minstepensjon.

Det siste overgrepet skjedde ved forhandlingane om tillegget til pensjonen i fjor. Politikarane ville heve minstepensjonen meir enn det vanlege lønnstillegget. Då fekk Staten med seg Norsk pensjonistforbund på ei avtale der pensjonistane fekk redusert tillegget sitt til pensjonane, for at minstepensjonistane skulle få litt høgare pensjon. Som nemnt før, er pensjonsavtalene personlege avtaler mellom Staten og kvar pensjonist. Staten kan ikkje einsidig endre desse avtalene. Norsk pensjonistforbund har heller ikkje fullmakt til å overføre årlege tillegg til pensjonane til andre føremål. Dersom Staten vil auke dei sosiale ytingane til minstepensjonistane med høgare minstepensjon, så må samfunnet ta denne kostnaden. Svært mange av minstepensjonistane er innvandrarar som ikkje har hatt lønn. Det er urimeleg at pensjonistane skal ta kostnaden med slike sosiale trygder. Avtala er ugyldig, så Staten må ta denne kostnaden sjølv og betala attende til pensjonistane den summen som dei har fått for lite utbetalt.

Ei ny aggressiv haldning til pensjonistar.

Den aggressive haldninga til pensjonistar og eldre er relativt ny i norsk politikk. Med dei personlege pensjonsavtalene ville politikarane i 1950-60 åra sikre at den eldre generasjonen skulle ha ein pensjon til å leva av. Pensjonistane har fått det godt – altfor godt, heiter det no. Mange av dei har råd til å bu i Spania om vinteren, eller gjerne heile året. Mytane går ut på at pensjonistar og eldre folk skal vera sjuke og skrøpelege. Kartet stemmer ikkje med terrenget lenger når eldre folk stadig er tilsynelatande friske og raske. Den nye generasjonen politikarar vil med avtala frå 2011 strype inntektene til pensjonistane, slik at alle om stutt tid blir minstepensjonistar. Og aller helst, den beste pensjonisten for samfunnet er ein død pensjonist!

Dei eldre har lært å vera nøkterne.

Dei eldre pensjonistane som voks opp i 1920-50 åra fekk lære seg å vera nøkterne. Dei sløser ikkje som yngre folk, så dei greier seg med lite. Men det er vel ikkje noko argument for å bruke diskriminerande skattlegging av pensjonistar? Pensjonisten skal ha mindre minstefrådrag fordi han ikkje har utgifter til arbeid, seier politikarane. Det er rett nok at pensjonisten ikkje har utgifter som følgjer med arbeidet, men dei gløymer to svært viktige moment. Pensjonistane får ofte ekstra kostnader med å greie å fungere, slike som større utgifter til medisinar, lege, tannlege og optikar, like store faste utgifter til husleige og kommunale avgifter, større utgifter til straum og telefon, og reiser til barn og barnebarn, og det på ein pensjon som er radikalt mindre enn lønnsinntekta, kanskje mellom 40–61% av lønnsinntekta. Og han må greie seg med ein pensjon som stadig minkar i verdi. Dei som har låge pensjonar er då også dei som har hatt lågast inntekt gjennom livet, ofte pga. deltidsarbeid. Dei har dermed hatt minst sjanse til å tryggje alderdomen med sparing. Etter alle klagene er det meir enn merkeleg at ikkje finansdepartementet har trekt attende den urettferdige skatteskjerpinga av pensjonsinntekter.

Lesernes kommentarer

Når skal staten innse at pensjon ikke er lønn!

Etter artikkel 18 i skatteloven er ikke pensjon lønn.
Vi skal derfor heller ikke betale skatt siden det heller ikke er inntekt dette må snart skatte direktoratet innnse at vi har allerede har betalt skatt i den inntekten som gjorde at vi opparbeidet oss pensjon. Dette er dobbel beskatting og de glupe hodene refererer da til artikkelen 23, punkt 3, bokstav e.Les Sivert Sæterbø. Linker Sæterbøs sider angående skatt og kildeskatt og om grunnloven : http://www.abcnyheter.no/borger/100614/regjeringens-innforing-av-kildeskatt-pa-pensjoner-er-en-forbrytelse

http://www.abcnyheter.no/borger/100703/rederiskatt-og-kildeskatt

Hadde dem sagt at dette skulle gjelde alle som ble pensjonister fra 2010 hadde dem i utgangspunktet hatt sin fulle rett men ikke dem som allerede har pensjon eller uførepensjon men dem tar alle over en kam.

Dagens pensjonister har det godt

I hvert fall i forhold til det jeg kommer til å oppleve. Derfor gidder jeg ikke å henge meg opp i slike saker. Jeg er kanskje egoistisk, men det er dagens pensjonister også. De mottar pensjon hinsides det deres forgjengere fikk, og de mottar hinsides det deres etterkommere får!!

Pensjonskassa er ein bank

Innlegget til Geir Toften osar av grøn misunning heilt på line med det dagens politikarar står for. Å betala pensjonsavgift for å få framtidig pensjon kan godt samanliknast med å spara i banken for å kjøpe seg bil eller hus om ei tid. Om nokre år kjøper Toften seg hus. Han går i banken for å betala huset, men får berre ein tredel attende av det han har betalt inn. Toften meiner kanskje at det er heilt i orden?

greit ??

å motta 1/3 av innskuddet..... Det er akkurat det jeg kommer til å oppleve med MIN PENSJON på grunn av eldrebølgen. Dagens pensjonister er de siste som kan oppleve å få full uttelling (og vel så det)
Dagen pensjonister er også de siste som får oppleve at verdien på huset deres tidobler seg på den tiden de har det, og når de selger huset sitt oppdager at de er mangemillionærer

RE!!Geir Toften

Ja en mann som tjener i dag kr 234.502.- han har en lysende fremtid i møte som pensjonist skal vi si at hans får ca 120.000.- pensjon og med dagens pristigning vil han tape hvert år frem til det. Når han får en økning på 500.- til maks 800.- pr år og pristigningen ligger ca på 3-4% pr år. Men det synes han sikkert er ålreit.Han tenker nok at brudd på grunnloven ikke gjelder han.For da er allt så mye bedre.

Hva har inntekten min å gjøre her????

Du gikk litt over streken der, men det teller vel ikke? At jeg tjener dårlig i forhold til hvor mye jeg jobber, hjelper SLETT IKKE i denne saken. Til opplysning så går mye av dagen min til å stå med tungt kroppsarbeid. Jeg er en av de som bygger norge, men får dårlig uttelling for det i forhold til de som har sikret seg en fet jobb, og trukket stigen godt opp etter seg.
Videre så er det ikke så farlig med min pensjon. fordi den utslitte kroppen min lever neppe så lenge etter at jeg er pensjonert. De gjør ikke det i min bransje. Da er det litt jævlig å se at statsansattre kan sitte og meske seg ved 62 år. Noe jeg kan bare drømme om.
Jeg har hørt rykter om forsvars pensjonister som hever 300 000 i pensjon. men det er kanskje bare rykter

Om pensjoner

Per Engene,
Dine utredninger burde komme flere medier i hende. De rødgrønne har gjort mye fort og gale.
Ordet "eldrebølgen" synes jeg etterhvert er blitt et stigmatiserende og nedverdigene ord. Man skal liksom få plantet i seg en følelse av at pensjonister er parasitter på samfunnet og at det er kommende generasjoner som skal betale for en generasjon som i følge dem er en "dessertgenerasjon". La meg i så fall kalle den samme oppvoksende generasjonen for "champagne generasjonen". De som er pensjonister nå, er mennesker hvor kvinner var i jobb for å kunne finansiere utdannelsen til sine menn for etterpå å bli hjemmeværende husmødre, som tok seg av mann og barn. Kvinnene kom seg ikke ut igjen i arbeid før barna var store nok til å klare seg selv. De er minstepensjonister nå. Dette er også generasjonen hvor mange av jentene tok seg huspost like etter folkeskolen og hvor mange gutter reiste ut som førstereisgutt, 15 år gammel. De som er unge nå, vet ikke hva de snakker om.
Så vil jeg nevne kildeskatten som er blitt pålagt ca.35 tusen pensjonister og uføre i tillegg. Dette er mennesker som måtte selge hus og eiendom i Norge ved emigrering til andre land, og har i tillegg mistet alle rettigheter i Norge. Dette er de menneskene som ikke sees. De som sees er de som mediene kan få oppmersomhet ved å eksponere.
Samtidig har flere tusen norske ( var det rundt 50 tusen?) i utlandet som har gode jobber relatert til den norske staten, og ikke betaler skatt i det hele tatt. De kan fortsatt ha sine hjem in takt i Norge og har alle norske rettigheter.

Vedr. Eldrebølgen..

Utrykket er oppfunnet og brukes som et påskudd for å prate opp skatter og avgifter, og det lages lange politiske svadataler og teorier rundt temaet. Men saken er den at den store mengden pensjonister har betalt inn i likke stor grad pensjonsavgifter i gjennom sitt arbeids liv. Og om politikkerne bruker penger til det formålet det innbetaler til er det som sagt og tenkt nok penger til pensjonene. Eller som Giske snakker så varmt om, øremerking.. Øremerking er unødvendig, alle avgifter og skatter er godt deffinerte samt mer en store nok, men jeg stiller kritiske spørsmål til forvaltningen av disse...

Høringsfristen..

går ut den 30. sept. Alle politiske partier, unntatt FRP, har inngått et forlik om å gjennomføre "reformen" fra 1. jan. 2010.
De personer denne vil ramme hardest er personer født i 1954 og senere.
Den nye pensjonsavtalen er langt dårligere enn gjeldende avtale.
Et moment kan nevnes: Menn er statistisk døde når de fyller 82 år.
Fra man fyller 83 år er NAV-banken tom for dem og de må klare seg selv uten pensjon (folketrygd?).

Beklager..

Den omtalte reformen vil tre i kraft fra 1. januar 2011.